Osterøy klatreklubb
Album
Turer
Samlinger
Osterøyhallen
Diverse
 
 

Skagastølsryggen 2002


Kameratskap, høgdeskrekk og ømme føter på Osterøy klatreklubb sin sumartur til Store Skagastølstind (2405).

av Ole (tekst og foto) og John (foto), Helge (foto)

Kven kunne vel veta at eg hadde høgdeskrekk? Før vi la ut på denne turen ville eg ikkje trudd det sjølv i alle høve. Ei reise er ofte ei ferd både gjennom indre og ytre landskap. På mange måtar stiller eg likt med lesaren når eg ser på bileta: Mange av dei viser utsikter og stader eg aldri fekk sjå då eg passerte dei.

Det var fire som la ut, først bil til Turtagrø i Sogn og Fjordane, så vidare til fots mot Tindeklubben si hytte med tunge sekker. Skagastølstindane var landemerke som stadig kom nærare. Det leika ein sky rundt toppen, vi lurte på om den vart borte til dagen etter. Helge instruerte i etikette blant tinderanglarar: Det var medlemmane som hadde førsterett på sengeplass, og aller størst rett hadde dei som var med i styret. John og eg la oss på loftet for sikkerheits skuld.

Opp i otta neste dag og ut av hytta alt klokka seks om morgonen. Den første prestasjonen denne dagen etter mi meining. Av stad oppover tusen høgdemeter til Nordre Skagastølstind. Betre og betre utsikt. Vidare bortetter ryggen til knausen før V-skaret der vi rasta og spekulerte over kva fjell vi såg i det fjerne. Sola steika og isras dundra nedetter breane under oss. Herfrå var det enkel klatring eit bel, og ein etter ein tok vi på svasko.

Eg var ikkje lei for skoa dei par-tre taulengdene det var opp. Eg merka at eg vart kortpusta, anten det var tynn luft, tung vandring eller rein og skir angst som var årsaka. Angsten, ja, det var oppetter V-skaret han kom, eg kjempa for å ikkje hyperventilere og fokuserte blikket så godt eg kunne rett framfor meg. Nokre gonger var det ikkje til å unngå når eg såg kvar eg skulle setja føtene at det var ein kilometer ned ved sida av festet.

Frå V-skaret gjekk vi i taulag, dels lettare klatring, dels bortetter eggen. Eg hadde det betre når eg ikkje lenger gjekk sist. Vi kom inn i ein rutine, Helge taua, så kom eg, så Beate medan John reinska friends og kiler. Pause kvar gong utstyret måtte leverast førstemann. Vi kom til Mohns skar som vart udødeleg for over hundre år sida. Mohn og Slingsby hadde som dei første teke seg dit då Mohn sa at om det berre hadde vore to klatrarar blant dei, så skulle dei vel nådd toppen. Slingsby vart sint og gjekk vidare åleine og nådde toppen på Store Skagastølstind som førstemann. Vi kom dit og, hadde klatringa dette stykket vore i låglandet heime ville vi snautt kalla det for klatring ein gong.

På veg nedover gav høgdeskrekken seg. Nesten viktigare var det å få av seg klatreskoa og på ordentlege fjellstøvlar. Skoa var små då vi byrja og måtte ha krympa eit par nummer i løpet av dagen. vel nede i skråninga vart vi innhenta av mørket og rasta nokre timar før siste stykket. Vi nådde Tindeklubbhytta nøyaktig eit døger etter at vi la ut.

Det var ein lærerik tur for meg i alle høve. Samhold og samarbeid fekk ei ny og djupare meining, utan praktisk og moralsk støtte frå dei andre hadde eg aldri kome meg over. Å stola på evner og utstyr klarte eg ikkje ordentleg, dette skal og verta lettare no når eg veit kva vi går til. Vi hadde og fått ein leksjon i å verka beskjedne: Om nokon skulle spørja kvar vi hadde vore var svaret: - På tur. - Kvar hen då? ville vel neste spørsmål vera. - Over Ryggen, skulle ein si då og smila innforstått.

 

 Oppdatert: 17.02.2012  

 

Lobas a/s
Jon Solberg a/s
Sjøtroll

Utsikt fra "Storen"
Norges klatreforbund Filuftslivets fellesorganisasjon

Advarsel: Klatring kan være helseskadelig!
Klatring kan være ekstremt farlig. For å redusere risikoen er det viktig at de som klatrer har de nødvendige kunnskaper. Dette kan en tilegne seg ved å gå på kurs, eller å være med en erfaren klatrer.

E-Post til Osterøy klatreklubb: post@klatre.info
E-Post til Webmaster: webmaster@klatre.info
 
Til toppen av siden