Osterøy klatreklubb
Album
Turer
Samlinger
Osterøyhallen
 
 

Dyrhaugsryggen 2004


Dyrhaugsryggen fra Bandet

Vi prøvde i fjor, men måtte gje tapt p g a ver og vind. I år låg alt
godt til rettes. Veret fullkomment, Helge og Beate i fortroppen med bestigning av Falketind over Falkungen og klatring av Skagastølsrisset.
Mykje folk på Tindeklubbhytta ( ope hus ) , men Helge hadde fått lapp på døra på eit firemannsrom at her var det Osterøy klatreklubb som regjerte. ( ungdomen på golvet ).

Helge og Beate kom ikkje att frå Risset før på morgonkvisten fredag, så den dagen vart berre kviledag. Men det vart ein liten tur for Ole, Erik og meg til V-skaret der vi sola oss halvnakne bortover den over to tusen meter høge ryggen i timevis i det fine veret.

Laurdag kom vi oss av garde litt over fem. Fint snøføre over breen, men vi brukte likevel stegjern for sikkerheit skuld. Veret var strålande.
Klatringa frå Bandet opp på Søre Dyrhaugstind, vart nok litt luftig for enkelte av oss. Vi klatra berre ein om gongen, og hadde soleis god tid til å nyta den fantastiske utsikta mot dal og tind rundt oss.

Helge sin timeplan med ein time pr taulengd held. I firetida var vi
oppe. Ruta var gradert på firetalet eit par stader, og dei av oss med for stor bør kjempa nokså hardt her og der.

Turen heimover ryggen vart drygare en ein hadde trudd. Vi sikra med tau eit par stader, og slikt tar tid. Klokka ni var vi heime i hytta att.

 Oppdatert: 17.02.2012  

 

Lobas a/s
Jon Solberg a/s
Sjøtroll

Utsikt fra "Storen"
Norges klatreforbund Filuftslivets fellesorganisasjon

Advarsel: Klatring kan være helseskadelig!
Klatring kan være ekstremt farlig. For å redusere risikoen er det viktig at de som klatrer har de nødvendige kunnskaper. Dette kan en tilegne seg ved å gå på kurs, eller å være med en erfaren klatrer.

E-Post til Osterøy klatreklubb: post@klatre.info
E-Post til Webmaster: webmaster@klatre.info
 
Til toppen av siden