Osterøy klatreklubb
Klubben
Bli medlem
Reglement
Styret
Grasrotandelen
Politiattest
Æresmedlem
Kontakt oss
 
Treningskveld

Reglement

for klatreveggen i Osterøyhallen
og aktivitet i regi av Osterøy klatreklubb

Bratt kort
All sjølvstendig bruk av klatreveggen føreset Bratt kort. Bratt kort er Noregs klatreforbund (NKF) sitt dugleiksbevis til klatrarar og kortet gjeld i ei rekke klatrehallar i Noreg. Opplæring, Bratt kort-prøvar og utsteding av Bratt kort kan gjennomførast i regi av Osterøy klatreklubb (OK) i Osterøyhallen. Klatreansvarleg kan informera nærmare om dette. Aldersgrensa for brattkort er vanlegvis 13 år. Dei som er yngre kan få eige barnekort. Barnekortet gir ikkje rett til sjølvstendig klatring. Grunnlaget for all klatring i regi av OK er NKF sitt metodesett for klatring.

Bratt kortinnehavar over 18 år har rett til å ta med seg ein person som ikkje har Bratt kort og gi vedkommande høve til å klatra. Person utan Bratt kort kan øva på å sikra andre under direkte tilsyn av person med Bratt kort.

Første del av dei ordinære treningskveldane er open for alle, både nye og røynde klatrarar. Born under ungdomsskulen må ha følgje av ein person over 18 år. Det vert gjeve instruksjon slik at følgjet kan sikra barnet sjølv. Målet for instruksjonen er å kvalifisera for Brattkort.

Ansvar:
Klatring er ein risikoaktivitet som skjer på eige ansvar. Alle som er til stades har eit ansvar for å ivareta eigen og andres tryggleik i klatreanlegget. Feil på klatreanlegget som er til fare for tryggleiken skal umiddelbart meldast til klatreansvarleg.
Barn under 12 år som deltar i organisert trening er ulykkesforsikra gjennom NKF. Vi tilrår at klatrarar over 12 år å teiknar eiga ulykkesforsikring. Skader og nesten-ulykker skal umiddelbart meldas til klatreansvarleg.

Utstyr:
Berre UIAA-godkjent, EN-sertifisert utstyr eller tilsvarande kan brukast. Ledetau skal være godkjent til dette bruket og til topptau skal alltid enkelttau brukast. OK reknar med at dei som klatrar etter kvart syt for å ha eige tau og ikkje sliter på andres. Utstyr kan leigast for kr 20 pr gong.

Oppfølging av reglene:
Personar som ikkje rettar seg etter melding frå klatreansvarleg vert bortvist. Ved grove eller gjentatte brudd på tryggleiksrutinane kan klatreansvarleg inndra Bratt kort.

Utandørs:
For klatring utandørs i regi av OK gjeld reglane så lagt dei passa. Dei objektive farane ved klatring ute er større enn på innandørsanlegg og dette krev at deltakarane er skjerpa. Det påbode med hjelm både for den som klatrar og for personar som oppheld seg ved innsteget.

 Oppdatert: 17.02.2012  

 

Lobas a/s
Jon Solberg a/s
Sjøtroll

Utsikt fra "Storen"
Norges klatreforbund Filuftslivets fellesorganisasjon

Advarsel: Klatring kan være helseskadelig!
Klatring kan være ekstremt farlig. For å redusere risikoen er det viktig at de som klatrer har de nødvendige kunnskaper. Dette kan en tilegne seg ved å gå på kurs, eller å være med en erfaren klatrer.

E-Post til Osterøy klatreklubb: post@klatre.info
E-Post til Webmaster: webmaster@klatre.info
 
Til toppen av siden